Solveig og Berit flyttar til Sagvågshagen

På tomten i Sagvåg møter me to av kjøparane i Sagvågshagen, som gledar seg til livet i heilt nye leiligheiter i umiddelbar nærleik til flotte turområder og sentrumsfasilitetar. Dei to kjenner kvarandre frå før som badevenninner og badar ute heile året. No skal dei verta næraste naboar og tok valget uavhengig av kvarandre. - Me tenker ikkje å renne ned dørane til kvarandre, men gjerna møtast i hagen for ein kaffi og ynskjer oss eit godt naboskap med fleire.

Solveig Tronshaug bur i dag på 130kvm og vil ned til 60kvm, som ho tenkjer er rikelig for ein person. - Det eg falt for med dette prosjektet var at det var så spennande prosjekt, flott arkitektur og naturskjønt område. Spesielt viktig var utsikt til sjø og nærleik til butikk. 

Berit Bergsvåg har budd i Sagvåg sidan 1984 og er veldig klar for å bytte ut sin 220kvm einebustad med 46 kvm. - Eg falt heilt pladask for dette prosjektet med ein gong og kjente umiddelbart at der skal eg bu! Ho har vært på utkikk ei stund og vart veldig glad då Sagvågshagen vart lansert. - Flunkandes ny leiligheit, liten og flott, og fantastisk med utsikt til sjø. 

Ho ser fram til å flytta til sentrum med alle fasilitetane det inneber, nærleik til kollektivtilbod og alle dei flotte turområda ho er så glad i og nyttar ofte. - Eg går mykje tur på Baneveien, til Utslettefjellet og i Hustrudalen. 

Solveig og Berit er einige om at det fine med å bu i leilighet er at det er enkelt å holde og kosar seg med tanken på at det blir lite vedlikehold i eit heilt nytt sameige. - Me synest det er kjekt å sjølv kunne velge kor me vil bu og meinar ein ikkje må vente til ein er nødt for å flytte. Skal me ha stort familieselskap kan me jo berre leige Sauekrambua eller nytta restaurant og pub fasilitetane eit steinkast unna, seier dei.