Sagvågshagen er det fyrste bustadprosjektet i Stord kommune som følgjer den nye utomhus-norma som vart vedtatt i Stord kommune våren 2024. Her er store krav til variert tilrettelagt utemøteplassar av høg kvalitet. Leikeplass, sitteplasser med og utan tak m.m. og ein gjennomført grøn trivselprofil. Samt høge sol og utsiktsfaktorar, særleg i området inn mot utløpet frå Storavatnet der stillheten og ettermiddagsola verkeleg kan nytast med utsikt til hamnebassenget.
Støyskjerm. Då 3 av blokkane ligg nær hovudvegen er det eit krav med skikkeleg støyskjerm slik at støynivå kjem ned på forskrifstmessig lavt nivå og at ein både inne og på balkongane kan nyte livet.
Innglassing. Balkongar kan også heilt eller delvis glasses inn etter førehandsgodkjendte prinsipper. Dette vil utvida bustaden med ekstra »stove» samt skjerma for vind og vær.
Parkering. Det planlegges for 3 ulike løysingar for dette: Utvendig, car-port eller i felles garasje.